For englane si skuld

Av: Ottar Mikael Myrseth.

29 september feirar vi Mikkelsmess og 2. oktober verneenglane sin minnedag. Mange vil ha englevakt, men ikkje like mange tek seg bryet med å delta i englesongen. Englane har nok for det meste hatt ein bortgøymd plass både i forkynning og folkeliv.

Kven er så englane og kva har dei med oss å gjere?

Meister_der_Ikone_des_Erzengels_Michael_001_adjusted

Archangel Michael. Russian icon, 10th Century.

Mikael leier den himmelske englehæren i kampen mot den vonde satan. Dermed har vi alt sagt viktige ting om englane.

Dei står over oss menneske, men er skapte vesen. Difor skal dei ikkje tilbedast. Dei er ikkje guddomelege, men dei er plasserte i himmelen og dei ser Gud ansikt til ansikt. Som Mikael-namnet seier (Mi-ka-el = kven-er-som-Gud), skal dei minne oss om at ingen er som Gud. Dei er Guds bodyguards, dei vernar Gud. Dei forsvarar han mot opprørarar som vil ta Guds plass og Guds makt.

Samstundes er dei også menneske-hjelparar. Den heilage apostelen Paulus skriv i Efes at vi menneske står i ein kamp, ikkje mot kjøt eller blod, men mot vonskapens åndehær (Ef 6,12). Dette er viktig del av vårt verdsbilete. Ikkje minst idag når menneske meiner å kunne kontrollerer og ha oversikt over alt. Det er ikkje sjølvsagt at nokon av oss finn fram til Gud eller vert frelste eller kjem til himmelen. Så enkelt er ikkje livet. Det foregår ein kamp om oss. Der er usynlege makter. Dei strir med oss, dei flørtar med oss, dei vil ha oss på parti. Ei åndehær som er ute etter oss.

Satan sjølv er ein fallen engel. Han er ein som ville vere som Gud. Han har tilhøyrt engleverda der skapningane har større kunnskap, høgare innsikt og meir makt enn menneska. Denne satan utøver åndeleg makt. Desse maktene er på ingen måte nøytrale eller berre hyggelege. Jesus kom heller ikkje til eit ingenmannsland, men til eit rike der satan-engelen alt var etablert. Og Jesu rike kan ikkje vinne utan at Satan og hans hærskare vert kasta ut.

Kor ofte vert ikkje vekkjingar, fornyingsrørsler og folk med åndeleg framgang ramma av nederlag og personlege fall! Som Luther sa: ‘Der Gud bygg ei kyrkje, set Djevelen alltid opp eit vertshus.»

Denne Guds motstandar seier aldri Mi-ka-el. For han vil sjølv vere Gud. Det har gjort både kvart menneskeliv og menneskehistoria til eit drama der draken og engelen står imot kvarandre. Det må førast kamp mot demonar, falne englar, satan, lucifer. Englevakt i trivielle kvardags-situasjonar kan nok vere vel og bra. Men ingenting kjem opp imot å ha englar på si side i kampen om rett og galt, i striden for det evige liv og menneske si frelse.

Her er englane sin stad. Evangelisten Johannes skriv (Joh 1,51) at englane stig opp og dei stig ned over Menneskesonen. Dei bind altså ihop himmelen og jorda, den himmelske og den jordiske kyrkja. Dei står saman med oss når vi kjempar mot vondskapens åndehær. Dei er med oss når vi syng og tilbed. I kamp og kultus, i krig og liturgi, i konflikt og lovsong. For å seie det som Hebrearbrevet: «Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?» (Hebr 1,14)

Kva er det så englane ser, dei som ser inn i himmelen?

Forteljinga om himmelen i Johannes Openberring vekslar mellom den vakre lovsongen og den buldrande krigen. Til dess dei i himmelen syng: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om.» (Ap 12,10f)

Dei i himmelen kallar oss altså brør. Dei har ikkje gløymt oss. Dei fylgjer striden vår. For det er éi kyrkje i himmelen og på jorda. Og dei heiar på Mikael og englane at dei skal vinne siger så vi og dei kan tilbe Gud med samrøysta lovsong.

I himmelen foregår eit intenst gudstenesteliv. Når apostelen underviser om gudsteneste-feiringa (1 Kor 11) seier han at kvinner og menn skal opptre sømeleg i gudstenestene «for englane si skuld». Det skal vere på jorda som det er i himmelen. Englane som stig opp og ned mellom den himmelske og den jordiske, ser til dette. Dei dreg oss mot Gud og mot den himmelske visjonen.

Nine_orders_of_angels

Nine orders of Angels

Difor er det så viktig at vi har med oss englane og deira tilbeding av Gud. Elles får vi merke dei mangelsjukdomar som så lett infiltrerer vårt gudsliv. Gud er aldri åleine, aldri einsam. Kring hans kongsstol bølgjar songen dag og natt. Han er levande og elskande og vil bli elska av både englar og alt og alle Han har skapt. Han har skapt oss og alt for si selskaps skuld. Han vil ha alt og alle med i den treeinige fellesskapen og kjærleiken mellom Faderen og Sonen i Heilaganden.

Difor er privat-kristendom ikkje eit alternativ. I Guds perspektiv er feiring og fellesskap hovudsak. Det held ikkje å tenkje på Gud i sitt stille sinn eller å vandre åleine med Jesus. Av dei himmelske lærer vi å kome saman og lovsynge Gud. Difor er individualismen og privatiseringa i vår samtid ei av dei store freistingane. Eit av dei triste teikn i vår tid er alle dei som har slutta å kome dit himmelen er open og Guds englar trafikkerer himmelstigen. Som den norske salmisten syng: «Her er Guds hus og himlens port / herfra det går en stige / av ord og sakramenter gjort / helt opp til himmelriket.»

Vi har all grunn til å takke for den støtte vi har av englane i vårt gudsliv og vår gudsteneste. At dei fylgjer oss og fører kampen for oss og lærer oss å lovsynge like mykje som å kjempe mot Lucifer og Satan og alle mørkemaktene. Ved Herrens altar vert våre røyster sameina med heile den  himmelske hærskaren når vi tilbedande syng heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. Velsigna vere Han som kjem i Herrens namn.

Englane er ikkje til og er ikkje her mellom oss for si eiga skuld, men for Hans skuld som dei tener og for vår skuld som dei også tener.

Ottar Mikael Myrseth
prest i St Olav kyrkje, Ålesund

 

Kommentera

Fyll i dina uppgifter nedan eller klicka på en ikon för att logga in:

WordPress.com Logo

Du kommenterar med ditt WordPress.com-konto. Logga ut / Ändra )

Twitter-bild

Du kommenterar med ditt Twitter-konto. Logga ut / Ändra )

Facebook-foto

Du kommenterar med ditt Facebook-konto. Logga ut / Ändra )

Google+ photo

Du kommenterar med ditt Google+-konto. Logga ut / Ändra )

Ansluter till %s